Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 2:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Sjå, eg trugar ætta dykkar!Slakteavfall frå festane dykkarkastar eg i andletet på dykk,og saman med det skal de berast bort.

4. Då skal de kjenna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi kan stå ved lag,seier Herren over hærskarane.

5. Mi pakt med han var liv og fredsom eg gav han.Han skulle ha ærefrykt for megog skjelva for namnet mitt.

6. Sann rettleiing var i hans munn,det fanst ikkje svik på leppene.I fred og rettferd vandra han med megog fekk mange til å venda om frå skuld.

7. For prestens lepper tek vare på kunnskap,rettleiing skal ein søkja frå hans munn.For han er sendebod frå Herren over hærskarane.

8. Men de har bøygd av frå vegen.De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla.De har brote Levi-pakta,seier Herren over hærskarane.

Les hele kapitlet Malaki 2