Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 2:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og no, prestar, til dykk er dette bodet:

2. Vil de ikkje høyraog ikkje leggja dykk dette på hjartetså de gjev namnet mitt ære,seier Herren over hærskarane,då sender eg forbanning mot dykk.Eg forbannar dykkar velsigning,ja, eg har forbanna hennefordi ho ikkje ligg dykk på hjartet.

3. Sjå, eg trugar ætta dykkar!Slakteavfall frå festane dykkarkastar eg i andletet på dykk,og saman med det skal de berast bort.

4. Då skal de kjenna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi kan stå ved lag,seier Herren over hærskarane.

5. Mi pakt med han var liv og fredsom eg gav han.Han skulle ha ærefrykt for megog skjelva for namnet mitt.

6. Sann rettleiing var i hans munn,det fanst ikkje svik på leppene.I fred og rettferd vandra han med megog fekk mange til å venda om frå skuld.

7. For prestens lepper tek vare på kunnskap,rettleiing skal ein søkja frå hans munn.For han er sendebod frå Herren over hærskarane.

8. Men de har bøygd av frå vegen.De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla.De har brote Levi-pakta,seier Herren over hærskarane.

9. Difor gjer eg dykk ynkelegeog forakta av heile folket,for de følgjer ikkje mine vegar,men gjer skil på folknår de rettleier.

Les hele kapitlet Malaki 2