Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 2:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og no, prestar, til dykk er dette bodet:

2. Vil de ikkje høyraog ikkje leggja dykk dette på hjartetså de gjev namnet mitt ære,seier Herren over hærskarane,då sender eg forbanning mot dykk.Eg forbannar dykkar velsigning,ja, eg har forbanna hennefordi ho ikkje ligg dykk på hjartet.

3. Sjå, eg trugar ætta dykkar!Slakteavfall frå festane dykkarkastar eg i andletet på dykk,og saman med det skal de berast bort.

4. Då skal de kjenna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi kan stå ved lag,seier Herren over hærskarane.

5. Mi pakt med han var liv og fredsom eg gav han.Han skulle ha ærefrykt for megog skjelva for namnet mitt.

6. Sann rettleiing var i hans munn,det fanst ikkje svik på leppene.I fred og rettferd vandra han med megog fekk mange til å venda om frå skuld.

7. For prestens lepper tek vare på kunnskap,rettleiing skal ein søkja frå hans munn.For han er sendebod frå Herren over hærskarane.

8. Men de har bøygd av frå vegen.De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla.De har brote Levi-pakta,seier Herren over hærskarane.

9. Difor gjer eg dykk ynkelegeog forakta av heile folket,for de følgjer ikkje mine vegar,men gjer skil på folknår de rettleier.

10. Har vi ikkje alle éin far,har ikkje den eine Gud skapt oss?Kvifor er vi då trulause mot kvarandreog vanhelgar pakta til fedrane våre?

11. Juda har bore seg trulaust åt,avskyelege ting har dei gjorti Israel og Jerusalem.For Juda har vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar,og gift seg med dottera til ein framand gud.

12. Måtte Herren rydda ut frå Jakobs teltkvar mann som gjer slikt– kven det så måtte vera –og som ber fram offertil Herren over hærskarane.

13. Og dette er det andre de gjer:Med tårer dekkjer de Herrens altar,med gråt og sukkfordi han ikkje lenger vil sjå på gåvaeller ta imot offer frå dykkar hand med glede.

14. De seier: «Kvifor?»Fordi Herren er vitne i sakamellom deg og din ungdoms kvinne,som du er utru mot,din ektemake,di paktkvinne.

15. Er det ikkje éin som har skapt alt?Både kropp og ånd er hans.Og kva søkjer denne eine?Ei guddomleg slekt.Så vakta vel dykkar ånd!Ver ikkje utru mot din ungdoms kvinne!

16. Den som får uvilje mot henne og sender henne bort,seier Herren, Israels Gud,skitnar til kleda sine med vald,seier Herren over hærskarane.Så vakta vel dykkar ånd!Ver ikkje trulause.

Les hele kapitlet Malaki 2