Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7:2-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Josva sende nokre menn frå Jeriko til Ai, som ligg ved Bet-Aven, aust for Betel. Han sa til dei at dei skulle dra opp og spionera i landet. Og mennene drog opp og spionerte i Ai.

3. Då dei kom tilbake til Josva, sa dei til han: «Ikkje send heile hæren! La to eller tre tusen mann dra opp og ta Ai. Ikkje slit ut heile hæren, for det bur så få der.»

4. Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei måtte rømma for folket i Ai,

5. som drap om lag trettiseks av dei. Dei forfølgde dei frå byporten heilt til steinbrota og drap dei på vegen nedover. Då smelta hjartet til folket bort og vart som vatn.

6. Josva reiv sund kleda sine og kasta seg ned med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste og vart liggjande heilt til kvelds, han og dei eldste i Israel. Dei strødde jord på hovudet.

7. Og Josva sa: «Å, Gud, min Herre! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det for å gje oss over i hendene på amorittane og utsletta oss? Gjev vi hadde vorte verande på den andre sida av Jordan!

8. Høyr meg, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har måtta snu ryggen til fienden og rømma?

9. Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra om dette, kjem dei til å omringa oss og utsletta namna våre frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»

10. Då sa Herren til Josva: «Reis deg opp! Kvifor ligg du slik med andletet mot jorda?

Les hele kapitlet Josva 7