Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då alle amorittkongane på vestsida av Jordan og alle kanaanearkongane ute ved havet høyrde at Herren hadde tørka ut vatnet i Jordan til israelittane hadde kome seg over, smelta hjartet deira bort, og dei mista motet på grunn av israelittane.

Omskjering og påskefeiring i Gilgal

2. På den tida sa Herren til Josva: «Lag deg nokre flintknivar og omskjer israelittane på nytt.»

3. Då laga Josva flintknivar og omskar israelittane ved Haaralot-høgda.

4. Dette er grunnen til at Josva omskar dei: Heile folket som drog frå Egypt, det vil seia mennene, alle krigarane, hadde døydd i ørkenen på veg ut frå Egypt.

5. Alle som drog ut, var omskorne, men ingen av dei som var fødde på ferda gjennom ørkenen etter at dei drog ut frå Egypt, hadde vorte omskorne.

6. I førti år gjekk israelittane omkring i ørkenen, til alle krigarane som hadde drege ut frå Egypt, var døde. Dei ville ikkje lyda Herrens ord. Difor svor Herren at han ikkje ville la dei få sjå det landet han med eid hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7. Det var sønene deira, som Herren hadde late veksa opp i deira stad, Josva omskar. Dei hadde forhud, sidan dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda.

8. Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til dei vart friske att.

9. Herren sa til Josva: «I dag har eg velta vanæra frå Egypt av dykk.» Difor vart staden kalla Gilgal, og det heiter han den dag i dag.

10. Medan israelittane låg i leir ved Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-slettene, om kvelden den fjortande dagen i månaden.

11. Og dagen etter påske, akkurat den dagen, åt dei av grøda i landet: usyra brød og rista korn.

12. Frå den dagen vart det slutt på mannaen. Sidan israelittane no kunne eta av grøda i landet, fekk dei ikkje meir manna. Det året åt dei av avlinga frå Kanaans land.

Mannen med sverdet

13. Ein gong Josva var ved Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auge på ein mann som stod beint framfor han med eit drege sverd i handa. Josva gjekk bort til han og sa: «Er du med oss eller med fiendane våre?»

14. Mannen sa: «Nei, eg er føraren for Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva ned med andletet mot jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?»

15. Føraren for Herrens hær svara Josva: «Ta skorne av føtene, for staden du står på, er heilag.» Det gjorde Josva.