Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Israelittane går over Jordan

1. Tidleg neste morgon braut Josva og alle israelittane opp frå Sjittim, og dei kom til Jordan. Der slo dei leir før dei kryssa elva.

2. Etter tre dagar gjekk tilsynsmennene gjennom leiren

3. og gav folket dette påbodet: «Når de ser at levittprestane lyfter opp paktkista til Herren dykkar Gud, skal de bryta opp og følgja etter henne.

4. Men hald ein avstand på om lag to tusen alner. Kom henne ikkje for nær! Slik kan de vita kva veg de skal gå, for de har aldri gått den vegen før.»

5. Josva sa til folket: «Gjer dykk reine og heilage! For i morgon vil Herren gjera under blant dykk.»

6. Og til prestane sa han: «Lyft opp paktkista og gå over elva føre folket!» Då lyfte dei paktkista opp og gjekk føre folket.

7. Herren sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor i auga til heile Israel, så dei skal forstå at eg er med deg slik eg var med Moses.

8. Du skal seia til prestane som ber paktkista, at dei skal stansa ved elvebredda når dei kjem til Jordan.»

9. Josva sa til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå Herren dykkar Gud!»

10. Josva sa: «Av dette skal de skjøna at den levande Gud er midt iblant dykk, og at han for dykkar skuld vil ta landet frå kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane:

11. Paktkista til han som er herre over heile jorda, skal gå føre dykk over Jordan.

12. Vel no ut tolv menn frå stammane i Israel, ein frå kvar stamme.

13. Når prestane som ber kista for Herren, som er herre over heile jorda, set føtene ned i vatnet i Jordan, då skal vatnet i elva renna bort, og det som strøymer til ovanfrå, skal stå som ein voll.»

14. Folket braut opp frå telta sine for å gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre folket.

15. Jordan fløymer over sine bredder i heile innhaustingstida. Men då prestane som bar kista, kom fram til Jordan og braut vassflata med føtene,

16. stansa vatnet som strøymde til ovanfrå, og reiste seg som ein voll oppe ved Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan, medan det vatnet som rann ned i Araba-sjøen, som blir kalla Saltsjøen, vart heilt borte. Folket kryssa elva rett imot Jeriko.

17. Prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande trygt på den tørre botnen midt i Jordan medan alle israelittane gjekk tørrskodde over, heilt til alt folket var kome over Jordan.