Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kanaan blir delt ved loddkasting

1. Dette er landområda som israelittane fekk til eigedom i Kanaans land, og som presten Elasar og Josva, son til Nun, og leiarane for kvar familie blant stammane i Israel tildelte dei.

2. Ved å kasta lodd fordelte dei området som eigedom til dei ni stammane og den eine halve stammen, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.

3. For Moses hadde gjeve dei to stammane og den halve stammen eigedom på austsida av Jordan. Men levittane gav han ikkje eigedom saman med dei.

4. Etterkomarane til Josef utgjorde to stammar, Manasse og Efraim. Levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk byar å bu i, med beitemarker for buskapen og feet sitt.

5. Israelittane gjorde som Herren hadde sagt Moses, og fordelte landet.

Kaleb får Hebron

6. Då kom etterkomarane av Juda til Josva i Gilgal, og kenasitten Kaleb, son til Jefunne, sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea.

7. Eg var førti år gammal då Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å spionera i landet, og eg gav rapport etter beste skjøn.

8. Brørne mine som følgde meg dit opp, tok motet frå folket, men eg heldt meg trufast til Herren min Gud.

9. Den dagen svor Moses: «Sanneleg, det landet du set foten din på, skal høyra deg og borna dine til for alltid fordi du heldt deg trufast til Herren min Gud.»

10. Sjå, Herren har late meg leva desse førtifem åra slik han lova, heilt frå han gav lovnaden til Moses medan Israel gjekk i ørkenen, og fram til denne dag. Og sjå, no er eg åttifem år gammal.

11. Eg er framleis like sterk som den dagen Moses sende meg ut. Mi kraft til å kjempa er den same no som då, både til å dra ut og til å koma heim.

12. Så lat meg no få dette fjellandet som Herren lova meg den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sikre byar. Kanskje Herren vil vera med meg så eg kan ta landet deira, slik som han lova.

13. Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til eige.

14. Difor er Hebron i eiga til slekta hans den dag i dag, fordi kenasitten Kaleb, son til Jefunne, heldt seg trufast til Herren, Israels Gud.

15. Hebron heitte før Kirjat-Arba, etter den største mannen blant anakittane.Og landet fekk kvile frå krigen.