Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Slaget ved Merom-elva

1. Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongen i Sjimron og kongen i Aksjaf

2. og til kongane i fjellandet i nord, på Araba-sletta sør for Kinneret, i låglandet og i høglandet ved Dor mot vest,

3. til kanaanearane i aust og vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellandet og hevittane ved foten av Hermon, i Mispa-landet.

4. Dei drog ut med troppane sine, ein stor hær, talrik som sanden på havsens strand, og med ei stor mengd hestar og vogner.

5. Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.

6. Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid skal eg syta for at dei ligg falne framfor israelittane. Du skal skjera over hasane på hestane deira og brenna opp vognene deira.»

7. Josva og hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og gjekk til åtak på dei.

8. Herren overgav dei i Israels hender. Israelittane slo dei og forfølgde dei heilt til det store Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna.

9. Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar over hasane på hestane og brende opp vognene deira.

Josva tek landet i nord

10. Etterpå snudde Josva om, tok Hasor og hogg kongen der ned med sverd. Hasor var før i tida det fremste av alle desse kongedøma.

11. Alt levande der vart hogge ned med sverd. Dei vart slegne med bann, ikkje eit liv vart spart. Byen Hasor sette han i brann.

12. Josva la under seg alle desse kongebyane og kongane der. Han hogg dei ned med sverd og slo dei med bann, slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.

13. Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg på høgdene, berre Hasor. Det var den einaste byen Josva brende.

14. Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd til alle var utrydda. Ikkje éin fekk leva.

15. Det Herren hadde sagt tenaren sin Moses føre, hadde Moses bode Josva å gjera, og Josva gjorde det. Han utelét ikkje noko av alt det Herren hadde sagt Moses.

Israelittane tek heile landet

16. Slik tok Josva heile dette landet: fjellandet, heile Negev og Gosen-landet, låglandet og Araba-sletta, fjellandet i Israel og låglandet der,

17. frå snaufjellet som stig opp mot Se'ir, til Baal-Gad i Libanon-dalen ved foten av Hermon-fjellet. Alle kongane der tok han til fange og slo i hel.

18. I lang tid førte Josva krig mot desse kongane.

19. Ingen by gjorde fred med israelittane, bortsett frå hevittane som budde i Gibeon. Alle dei andre tok dei i krig.

20. Det var Herren som gjorde hjarta deira harde og fekk dei til å strida mot Israel, for at Israel skulle slå dei med bann så det ikkje fanst nåde for dei. For dei skulle ryddast ut slik Herren hadde sagt til Moses.

21. På den tid drog Josva opp og hogg ned anakittane i fjellandet, i Hebron, Debir, Anab og heile fjellandet i Juda og Israel, og slo dei og byane deira med bann.

22. Det vart ingen anakittar att i landet til israelittane. Berre i Gaza, Gat og Asjdod vart det nokre att.

23. Så tok Josva heile landet, slik Herren hadde sagt til Moses. Og Josva lét israelittane få det til eige; kvar stamme fekk sin del. Og så fekk landet kvile frå krigen.