Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jonas harme og Guds nåde

1. Men det lika Jona ille, og han vart sint.

2. Han bad til Herren: «Herre! Var det ikkje det eg sa då eg var i mitt eige land? Difor ville eg skunda meg og flykta til Tarsis. For eg veit at du er ein nådig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik på miskunn, så du angrar ulukka.

3. Men no, Herre, kan du ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»

4. Då sa Herren: «Er du verkeleg så sint?»

5. Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austafor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta for å sjå korleis det gjekk med byen.

6. Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans så han kunne bli kvitt mismotet. Jona gledde seg storleg over busken.

7. Men ved daggry morgonen etter sende Gud ein makk som stakk busken så han visna.

8. Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind. Sola stakk Jona i hovudet så han mest svima av. Han ønskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»

9. Då sa Gud til Jona: «Er du verkeleg så sint på grunn av ricinus-busken?» Han svara: «Eg er så sint at eg kunne døy.»

10. Herren sa: «Du hadde omsorg for ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt.

11. Skulle ikkje eg ha omsorg for storbyen Ninive, der det er meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre, og der det òg er ei mengd med dyr?»