Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jona i Ninive

1. Herrens ord kom til Jona andre gongen:

2. «Stå opp og gå til storbyen Ninive! Den bodskapen eg gjev deg, skal du ropa ut over byen.»

3. Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsreiser lang.

4. Jona byrja å gå innover i byen, og då han hadde gått ei dagsreise, ropa han: «Enno førti dagar, og så skal Ninive bli øydelagd!»

5. Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, både store og små.

6. Då kongen av Ninive fekk høyra om dette, reiste han seg frå tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske.

7. Han lét ropa ut i Ninive: «Etter påbod frå kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller småfe, må smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn.

8. Dei skal kle seg i sekkestrie, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frå sin vonde veg og sine overgrep.

9. Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frå den brennande vreiden sin, så vi ikkje går under.»

10. Gud såg det dei gjorde, at dei vende om frå sin vonde veg. Då angra Gud på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje.