Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Grashoppene

1. Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.

2. Høyr dette, de eldste,og lytt, alle som bur i landet!Har slikt hendt før i dykkar dagareller i dagane til fedrane dykkar?

3. Dette skal de fortelja til borna dykkarog dei til borna sineog deira born til ei slekt som kjem.

4. Det som var att etter den tyggjande grashoppa,åt den svermande,det som var att etter den svermande,åt den hoppande,det som var att etter den hoppande,åt den gnagande grashoppa opp.

5. Vakna, de drukne, og gråt!Klag, alle de som drikk vin,over druesaft munnen ikkje fekk smaka.

6. For eit folk har drege opp mot landet mitt,mektig og utan tal.Tenner har dei som ei løveog kjevar som ei løvinne.

7. Dei øydela vinstokkane mineog knekte fikentrea,flekte av, slengde bort,greinene vart kvite.

8. Klag som ei sørgjekledd jomfruklagar over sin ungdoms brudgom!

9. Grødeoffer og drikkofferfinst ikkje lenger i Herrens hus,prestane, Herrens tenarar, sørgjer.

10. Åkeren er øydelagd, jorda sørgjer,for kornet er øydelagt, vinen tørka inn,oljen er borte.

11. Bøndene blir til skamme,og vindyrkarane klagarover kveite og bygg,for grøda på åkeren er tapt.

12. Vinstokken er tørka inn, fikentreet visna,granateple, palme og apal,kvart tre på marka er tørt.Mellom menneska er gleda tørka inn.

13. Kled dykk til klage, prestar!Skrik, de som tener ved altaret!Gå inn og vak i sekkestrie,de som tener min Gud.For grødeoffer og drikkofferblir haldne borte frå dykkar Guds hus.

14. Rop ut ei heilag faste,kunngjer ei høgtidssamling!Kall saman dei eldste,alle som bur i landet,i Herren dykkar Guds husog rop til Herren!

15. Å, for ein dag!Ja, nær er Herrens dag,han kjem med vald frå Den veldige.

16. Vart ikkje maten borte for auga våre,glede og jubel frå vår Guds hus?

17. Såkornet har tørka under jordskorpa,bingane er tomme, låvane rivne,for kornet er tørka inn.

18. Kor buskapen rautar!Bølingar streifar omkring,for dei har ikkje beite.Sjølv saueflokkane må lida.

19. Til deg, Herre, ropar eg.For elden har ete opp beita i øydemarka,flammar har svidd av kvart tre på marka.

20. Sjølv villdyra skrik til deg,for bekkefara er tørka utog elden har ete opp beita i øydemarka.