Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 1:2-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Høyr, de himlarog lytt, du jord,for Herren talar:Born har eg fostra og oppdrege,men dei har sett seg opp imot meg.

3. Ein okse kjenner eigaren sin,eit esel krubba til herren sin.Men Israel kjenner ikkje,folket mitt forstår ikkje.

4. Ve det syndige folket,eit folk tungt av skuld,ei slekt som handlar vondt,born som øydelegg!Dei har forlate Herren,forakta Israels Heilageog vendt ryggen til han.

5. Har de ikkje fått nok slag?Gong på gong fell de frå.Kvart hovud er skadd,og kvart hjarte er sjukt.

6. Frå hovud til hæl er ingenting heilt,flengjer og skrammer og opne sår,ikkje reinsa, ikkje forbundne,ikkje bløytte opp med olje.

7. Landet dykkar ligg øyde,byane er brende,framande et opp jordarett framfor auga på dykk.Det er audt som når framande har øydelagt.

8. Berre dotter Sion er attsom ei lauvhytte i ein vingard,som eit vaktskjul på ei agurkmark,som ein kringsett by.

9. Hadde ikkje Herren over hærskaranelate nokre få av oss leva,då var vi som Sodoma,då likna vi på Gomorra.

10. Høyr Herrens ord,de Sodoma-hovdingar!Lytt til vår Guds lov,du Gomorra-folk!

11. Kva skal eg med alle desse slaktoffera dykkar? seier Herren.Eg er mett på brennoffer av vêrarog på feitt av gjøkalvar.Blod av oksar og bukkar og lamhar eg ikkje lyst på.

12. Kven krev slikt av dykknår de kjem og viser dykk for mitt andlet?De trakkar ned føregardane mine.

13. Kom ikkje meir med unyttige gåver!Eg avskyr offerrøyken.Nymåne og sabbat, kunngjering av høgtider– eg toler ikkje urett og høgtid.

14. Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar.Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.

15. Når de lyfter hendene,lèt eg att auga for dykk.Same kor mykje de bed,høyrer eg ikkje.Hendene dykkar er fulle av blod.

16. Vask dykk, gjer dykk reine!Få dei vonde gjerninganebort frå auga mine,hald opp med å gjera vondt,

17. lær å gjera godt!Søk det som er rett,hjelp den undertrykte,ver forsvarar for farlause,før enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.Om syndene dykkar er som purpur,skal dei bli kvite som snø,om dei er raude som skarlak,skal dei bli kvite som ull.

19. Dersom de er villige og lydige,skal de få eta det gode i landet.

Les hele kapitlet Jesaja 1