Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 6:21-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Difor seier Herren:Sjå, eg legg snublesteinarfor dette folket.Både fedrar og sønerskal snubla i dei,granne og nesteskal gå under.

22. Så seier Herren:Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,eit stort folkeslag bryt oppfrå ytste enden av jorda.

23. Dei har boge og sabel i handa,dei er grufulle og viser ingen nåde.Larmen drønnar som havet,på hestar kjem dei ridande,rusta til krig mot deg, dotter Sion.

24. Då vi høyrde ryktet,vart hendene våre slappe,trengsle greip oss,rier som hos ei fødande kvinne.

25. Gå ikkje ut på marka,ferdast ikkje på vegen,for fienden har sverd,redsle rår på alle kantar.

26. Mitt folk, mi dotter,bind sekkestrie om degog velt deg i oske!Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din,ei bitter klage.For brått kjem øydeleggjaren over oss.

27. Eg har sett deg til å prøva folket mittslik ein prøver gull,du skal kjenna og prøva deira vegar.

28. Alle er trassige opprørarar,dei fer med sladder,dei er bronse og jern,øydeleggjarar er dei alle.

29. Blåsebelgen er svidd av elden,blyet er fjerna.Men det nyttar ikkje å smelta,dei vonde blir ikkje utskilde.

30. Forkasta sølv skal dei kallast,for Herren har forkasta dei.

Les hele kapitlet Jeremia 6