Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31:19-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då eg hadde vendt meg bort,angra eg,og då eg fekk innsikt,slo eg meg på låret.Skam og vanære må eg berafor min ungdoms spott.

20. Er Efraim min dyrebare son,er han mitt kjæraste barn?Kvar gong eg talar imot han,må eg likevel tenkja på han.Difor skjelv mitt indre for han,eg må visa miskunn mot han,seier Herren.

21. Reis merkesteinar,set opp vegmerke!Legg nøye merke til den vegen du gjekk!Vend attende, jomfru Israel,attende til desse byane dine!

22. Kor lenge vil du snu deg hit og dit,du fråfalne dotter?No skaper Herren noko nytt i landet,ei kvinne skal verja ein mann.

23. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: «Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24. Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin.

25. Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.

26. Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.

27. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus.

28. Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.

29. På den tidskal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk dårlege tenner.

30. Men kvar skal døy for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få dårlege tenner.

Les hele kapitlet Jeremia 31