Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:

2. «Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.»

3. Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva.

4. Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.

5. Då kom Herrens ord til meg:

6. Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus.

7. Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja.

8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det.

9. Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta.

10. Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

Les hele kapitlet Jeremia 18