Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 10:19-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Ve meg, for eit brot!Eg har eit sjukt sår.Eg tenkte: Dette er berre ei lidingsom eg må bera.

20. Teltet mitt er øydelagt,alle snorer avrivne.Borna mine har forlate meg, dei er borte.Det er ikkje lenger nokonsom set opp teltet mittog spenner ut teltdukane.

21. For gjetarane er dumme,dei søkjer ikkje Herren.Difor lukkast dei ikkje,heile flokken deira blir spreidd.

22. Dårleg nytt: No kjem det,eit kraftig jordskjelv frå landet i nord.Det gjer byane i Juda til ørken,ein stad der sjakalar held til.

23. Eg veit, Herre,at mennesket ikkje sjølv rår for sin veg,og at ferdamannen ikkje sjølvkan styra sine steg.

24. Oppdra meg, Herre, men gjer det rett,ikkje i vreide, så du gjer meg liten.

25. Aus ut din harmeover folkeslag som ikkje kjenner deg,over slekter som ikkje kallar på ditt namn.For dei har ete opp Jakob,ete han opp og gjort ende på hanog lagt bustaden i øyde.

Les hele kapitlet Jeremia 10