Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 7:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så vakkert du stig i sandalar,du hovdingdotter!Hoftene dine rundar seg som ei sølje,smidd av kunstnarhand.

2. Navlen din er ei rund skål,måtte han aldri mangla vin!Magen er ein kveiteåkerkransa inn av liljer.

3. Brysta dine er som to kalvar,tvillingar til ein gasell.

4. Halsen din er som eit elfenbeinstårn,auga som dammane i Hesjbonved Bat-Rabbim-porten.Nasen er som Libanon-tårnetsom ser mot Damaskus.

5. Hovudet kronar deg som Karmel,håret skimrar som purpur.Kongen er fanga i lokkane.

6. Så vakker du er, så nydeleg,du som eg elskar, full av lyst!

7. Du er høg som palmen,og brysta dine er som drueklasar.

8. Eg seier: Eg skal opp i den palmen,gripa tak i dei greinene.Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken,din ande som angen av eple

9. og ganen som den finaste vin,som lett går ned hos kjærasten min,som glir over leppene mine og tennene!

10. Eg høyrer kjærasten til,og til meg står hans trå.

Les hele kapitlet Høgsongen 7