Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 2:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Men no, Serubabel: Ver sterk!seier Herren.Josva, son til Jehosadak,du øvsteprest: Ver sterk!Heile folket i landet: Ver sterke!seier Herren.Gå i gang med arbeidet.For eg er med dykk,seier Herren over hærskarane.

5. Denne lovnaden gav eg dykkdå de drog ut frå Egypt.Min Ande er mellom dykk.Ver ikkje redde!

6. For så seier Herren over hærskarane:Endå ein gong, om ei lita stund,rister eg himmel og jord,havet og det tørre landet.

7. Eg rister alle folkeslagså skattane deira kjem hit.Eg fyller dette huset med herlegdom,seier Herren over hærskarane.

8. Mitt er sølvet, mitt er gullet,seier Herren over hærskarane.

9. Dette nye huset skal bliherlegare enn det første,seier Herren over hærskarane.På denne staden skal eg gje fred,seier Herren over hærskarane.

10. På den tjuefjerde dagen i den niande månaden i det andre regjeringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai:

11. Så seier Herren over hærskarane: Spør prestane om rettleiing:

Les hele kapitlet Haggai 2