Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 1:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det andre regjeringsåret til kong Dareios, på den første dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord gjennom profeten Haggai til statthaldaren i Juda, Serubabel, son til Sjealtiel, og til øvstepresten Josva, son til Jehosadak:

2. Så seier Herren over hærskarane: Dette folket seier: «Tida er ikkje komen, tida for å byggja Herrens hus.»

3. Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4. Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge dette huset ligg i røys?

5. Men no seier Herren over hærskarane:Gjev akt på vegane dykkar!

6. De sår mykje, men haustar lite,de et, men blir ikkje mette,de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,de kler dykk, men blir ikkje varme.Og leigekaren får si løni ein pung med hol i.

Les hele kapitlet Haggai 1