Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 3:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Du gjer bogen klarog legg pil etter pil på strengen. SelaDu kløyver jorda så elvar renn.

10. Fjella ser deg og skjelv,styrtregnet fossar ned,djupet lyfter røystaog lyfter handa mot det høge.

11. Sol og måne står stille i sin bustadnår lyset frå pilene fer hit og dit,lysglansen frå ditt lynande spyd.

12. I harme skrid du fram over jorda,i vreide trampar du folkeslag ned.

13. Du dreg ut for å frelsa ditt folk,for å frelsa han du har salva.Du knuser overhovudetfor huset til den urettferdige,kler av frå topp til tå. Sela

14. Med hans eigne piler gjennomborar du hovudetpå krigarane hans.Dei stormar fram, vil driva meg bort,dei frydar seg som om dei skulle etaein hjelpelaus som er i løynd.

15. Med hestane dine fer du over havet,dei veldige, brusande vatna.

16. Eg høyrde det, då skalv mitt indre,og leppene dirra ved lyden.Det kom verk i beina mine,føtene vakla under meg.Roleg ventar eg påat trengselsdagen skal komaover det folket som går til åtak på oss.

17. For fikentreet blømer ikkje,vinstokken ber ikkje frukt,olivenhausten slår feil,åkeren gjev ikkje mat,sauene er borte frå kvea,fjøset er tomt for fe.

18. Men eg vil fryda meg i Herren,jubla i Gud, min frelsar.

19. Gud Herren er min styrke.Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg ferdast på høgdene.Til korleiaren. Med strengespel.

Les hele kapitlet Habakkuk 3