Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 8:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: «Sjå, huset til Haman har eg gjeve til Ester, og sjølv har han vorte hengd på ein påle fordi han ville leggja hand på jødane.

8. Set no opp eit skriv om jødane i kongens namn, slik de finn det best, og set kongens segl på det med signetringen hans. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsegla med kongens signetring, kan ikkje kallast attende.»

9. Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og på det språket dei tala.

10. Breva vart skrivne i namnet til kong Xerxes, forsegla med kongens signetring og sende med ilbod som reid på raske hestar frå kongens eigen stall.

11. Der stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å stå saman og forsvara livet sitt. Dei kunne utrydda, drepa og gjera ende på kvar væpna styrke i alle folk og provinsar som gjekk til åtak på dei, også barn og kvinner. Eigedomane deira kunne dei plyndra.

12. Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane til kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar.

13. Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde på denne dagen og hemna seg på fiendane sine.

14. På kongens ord reid ilboda av garde på kongens hestar i stor fart med det same denne lova var gjeven i borga Susa.

15. Mordekai gjekk ut frå kongen i kongelege klede i purpurblått og kvitt. Han bar ei stor gullkrone og ei kappe av lin og raudt purpur. Og byen Susa jubla og gledde seg.

16. Hos jødane var det lys og glede, fryd og herlegdom.

17. I kvar provins og kvar by, så langt som kongens ord og bod nådde, vart det glede og fryd mellom jødane, ein dag for fest og feiring. Og blant folka i landet var det mange som sa seg å vera jødar. For det hadde kome over dei ei redsle for jødane.

Les hele kapitlet Ester 8