Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 3:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men han syntest det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Dei hadde fortalt han kva folk Mordekai høyrde til, og no ville Haman utrydda alle jødar, folket til Mordekai, i heile riket til kong Xerxes.

7. I den første månaden, det er månaden nisan, i det tolvte året til kong Xerxes, kasta dei «pur», det er lodd, om dagar og månader, medan Haman var til stades. Loddet fall på den tolvte månaden, det er månaden adar.

8. Då sa Haman til kong Xerxes: «Det finst eit folk som bur spreidd og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene til alle andre folk, og dei held ikkje kongens lover. Det er ikkje ein konge verdig å la dei vera i fred.

9. Dersom kongen finn det for godt, så lat det kunngjerast skriftleg at ein skal gjera ende på dei. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp og gje til tenestemennene dine, så dei kan leggja det i kongens skattkammer.»

10. Kongen tok signetringen sin av handa og gav han til Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til jødane.

11. Og kongen sa til Haman: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du finn for godt.»

12. Den trettande dagen i den første månaden vart kongens skrivarar kalla saman. På bod frå Haman vart det sett opp eit skriv til kongens satrapar, statthaldarane i kvar provins og leiarane for kvart folk, til kvar provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart folk på det språket dei tala. Det var skrive i namnet til kong Xerxes og forsegla med kongens signetring.

13. Så gjekk det ut brev med ilbod til alle kongens provinsar om å utrydda, drepa og gjera ende på alle jødar, både unge og gamle, born og kvinner, på ein og same dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er månaden adar. Eigedomane deira skulle plyndrast.

14. Ei avskrift av brevet skulle gjelda som lov i kvar provins og kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på denne dagen.

Les hele kapitlet Ester 3