Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 8:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Eg bad dei fara til Iddo, leiaren på ein stad som heitte Kasifja. Eg la dei ord i munnen som dei skulle seia til Iddo og bror hans, dei som var tempeltenarar i Kasifja. Dei skulle senda oss tenarar til huset for vår Gud.

18. Fordi Gud heldt si gode hand over oss, sende dei oss ein klok mann, Sjerebja, saman med sønene og brørne hans, 18 til saman. Sjerebja var etterkomar av Mahli, son til Levi, son til Israel.

19. Vidare kom Hasjabja og med han Jesaja av Merari-sønene, og brørne hans og sønene deira, 20 til saman.

20. Og av tempeltenarane som David og leiarane hadde sett til å tena levittane, kom det 220. Alle desse er oppførte med namn.

21. Då ropa eg ut ei faste der ved Ahava-elva, for at vi skulle audmjuka oss for vår Guds andlet og be om ei god reise for oss sjølve og borna våre og for alt vi eigde.

22. For eg skamma meg for å be kongen om soldatar og hestar til å hjelpa oss mot fiendar på vegen, sidan vi hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si gode hand over alle som søkjer han, men hans makt og vreide kjem over alle som svik han.»

23. Så vi fasta og søkte vår Gud for dette, og han høyrde bøna vår.

24. Eg valde ut tolv av dei leiande prestane og dessutan Sjerebja og Hasjabja saman med ti av brørne deira.

Les hele kapitlet Esra 8