Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 2:62-70 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

62. Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.

63. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

64. Heile forsamlinga var i alt 42 360.

65. I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 200 mannlege og kvinnelege songarar.

66. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

67. 435 kamelar og 6720 esel.

68. Då dei kom til Herrens hus i Jerusalem, bar nokre av leiarane for familiane fram frivillige gåver til Guds hus, så det kunne reisast der det før hadde stått.

69. Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5000 sølvminer og 100 prestedrakter.

70. Prestane og levittane busette seg i sine eigne byar saman med nokre av folket, songarane, portvaktene og tempeltenarane, og heile Israel busette seg i sine byar.

Les hele kapitlet Esra 2