Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kyros lèt judearane venda heim

1. I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg:

2. «Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda.

3. Kven av dykk høyrer til hans folk? Gud vere med dykk, kvar og ein! De kan fara opp til Jerusalem i Juda og byggja eit hus for Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem.

4. Alle som er att, kvar dei så held til som innflyttarar, skal få hjelp av dei som bur på staden. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan frivillige gåver til Guds hus i Jerusalem.»

5. Då braut dei opp, leiarane for familiane i Juda og Benjamin, prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle dra opp og byggja Herrens hus i Jerusalem.

6. Alle grannane støtta dei med sølvkar og gull, gods, buskap og andre verdfulle ting. Dei kom òg med frivillige gåver.

7. Kong Kyros lét henta tempelutstyret som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem, og som han hadde sett i huset til sin gud.

8. Kyros, kongen av Persia, overlét dei til skattmeisteren Mitredat, som talde dei opp og gav dei til Sjesjbassar, fyrsten i Juda.

9. Talet var: 30 gullskåler, 1000 sølvskåler og 29 andre skåler,

10. 30 gullbeger, 410 doble sølvbeger og 1000 andre kar.

11. Til saman var det 5400 kar av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesjbassar med seg då dei bortførte fór opp frå Babel til Jerusalem.