Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4:10-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Barak kalla Sebulon og Naftali saman i Kedesj. Så drog han av stad, og bak han marsjerte ti tusen mann. Debora drog saman med han.

11. Kenitten Heber hadde skilt lag med dei andre kenittane, som var etterkomarar av Hobab, svogeren til Moses, og hadde slege opp telta sine ved Elon-Saanannim, ved Kedesj.

12. Sisera fekk melding om at Barak, son til Abinoam, hadde drege opp på Tabor-fjellet.

13. Han samla alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og heile den hærstyrken han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-dalen.

14. Då sa Debora til Barak: «Opp! For dette er dagen då Herren vil gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg!» Så drog Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.

15. Då Barak gjekk til åtak, slo Herren Sisera og alle stridsvognene hans og heile hæren hans med forvirring. Sisera steig ned av vogna og rømde til fots,

16. medan Barak sette etter vognene og hæren heilt til Harosjet-Haggojim. Heile hæren til Sisera fall for sverdet. Ikkje ein einaste vart att.

17. Sisera sjølv rømde til fots og kom til teltet der Jael, kona til kenitten Heber, heldt til. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og slekta til Heber.

18. Jael gjekk ut og møtte Sisera. «Kom inn, herre, kom inn til meg», sa ho. «Ver ikkje redd!» Han kom inn i teltet til henne, og ho dekte han til med eit teppe.

19. Han bad henne: «Ver snill og gjev meg litt vatn, for eg er så tørst!» Ho opna ei skinnflaske med mjølk, lét han få drikka og dekte han til att.

20. Så sa han til henne: «Stå i teltopninga! Kjem det ein og spør om det er nokon her, skal du svara nei.»

21. Jael, kona til Heber, greip ein teltplugg og tok ein hammar i handa. Så gjekk ho stille inn til han og slo pluggen gjennom tinningen på han så pluggen gjekk ned i jorda. Han hadde lege utmatta og sove, og slik døydde han.

22. I det same kom Barak, som forfølgde Sisera. Jael gjekk ut og møtte han. Ho sa: «Kom, så skal eg visa deg mannen du leitar etter!» Han gjekk med henne inn, og sjå, der låg Sisera død med teltpluggen gjennom tinningen.

Les hele kapitlet Dommarane 4