Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 6:17-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehòla. Kongen sa til Daniel: «Måtte din Gud, som du framleis dyrkar, berga deg!»

18. Dei henta ein stein og la han over opninga til hòla. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet til stormennene sine, så ingenting kunne endrast når det gjaldt Daniel.

19. Etter dette gjekk kongen til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét ingen kvinner koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20. Tidleg om morgonen, ved soloppgang, stod kongen opp og skunda seg til løvehòla.

21. Då han kom bort til hòla, ropa han på Daniel med angst i stemma: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stadig dyrkar, kunna berga deg frå løvene?»

22. Då svara Daniel: «Lenge leve kongen!

23. Min Gud sende engelen sin og lukka gapet på løvene så dei ikkje skadde meg. For eg er funnen skuldfri for han. Og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.»

24. Då vart kongen svært glad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hòla. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han, for han hadde sett si lit til sin Gud.

25. Kongen baud no at dei mennene som hadde ført klagemål mot Daniel, skulle hentast og kastast i løvehòla saman med borna og konene sine. Før dei var komne til botnen i hòla, rauk løvene på dei og krasa kvart bein i kroppen deira.

Les hele kapitlet Daniel 6