Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 30:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. så sant du lyder Herren din Gud og held boda og forskriftene hans som er skrivne i denne lovboka, og så sant du vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile din hug.

11. Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte.

12. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan få høyra dei og leva etter dei?»

13. Dei er heller ikkje på andre sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

14. Nei, ordet er deg heilt nær, i munnen din og i hjartet ditt, så du kan leva etter det.

15. Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.

16. Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og går på hans vegar og held hans bod, forskrifter og dommar, då skal du leva og bli talrik. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.

17. Men om hjartet ditt vender seg bort og du ikkje lyder, men lèt deg riva med og tilbed andre gudar og dyrkar dei,

18. då kunngjer eg dykk i dag at de skal gå fullstendig til grunne. De skal ikkje få leva lenge i det landet som du no går over Jordan for å ta.

19. Himmel og jord tek eg i dag til vitne mot dykk. Eg har lagt fram for deg liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så du og etterkomarane dine kan få leva.

20. Du skal elska Herren din Gud, lyda hans røyst og halda fast ved han! Då skal du få leva og bu lenge i det landet Herren med eid lova å gje fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 30