Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 35:10-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og inn i landet Kanaan,

11. skal de velja ut nokre byar som skal vera fribyar for dykk. Dit kan ein drapsmann rømma om han har slege einkvan i hel av vanvare.

12. Desse byane skal vera fristader for den som rømmer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rette for forsamlinga og fått sin dom.

13. Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera fribyar.

14. Tre av byane skal de ta på den andre sida av Jordan og tre i Kanaan. Dei skal vera fribyar.

15. Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan rømma dit.

16. Om nokon tek ein jernreiskap og slår ein annan i hel, er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.

17. Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.

18. Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.

19. Det er blodhemnaren som skal slå drapsmannen i hel. Når han finn han, skal han drepa han.

20. På same måten skal det vera om nokon hatar ein annan og støyter til han eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr,

21. eller i fiendskap slår han med neven så han døyr. Då skal den som slo, straffast med døden. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren skal slå drapsmannen i hel når han finn han.

22. Så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han utan vond vilje.

23. Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt.

24. Då skal forsamlinga dømma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse forskriftene:

25. Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje.

26. Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til,

27. og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 35