Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 13:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. «Send av stad nokre menn for å utforska Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Éin mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera leiarar.»

3. På Herrens ord sende Moses dei ut frå Paran-ørkenen. Kvar mann var mellom overhovuda for israelittane.

4. Dette er namna deira: for Ruben-stammen Sjammua, son til Sakkur;

5. for Simon-stammen Sjafat, son til Hori;

6. for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne;

7. for Jissakar-stammen Jigal, son til Josef;

8. for Efraim-stammen Hosea, son til Nun;

9. for Benjamin-stammen Palti, son til Rafu;

Les hele kapitlet 4. Mosebok 13