Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 21:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong for sin eigen far eller si eiga mor skal han gjera seg urein.

12. Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han er innvigd ved sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.

13. Den kvinna han gifter seg med, må vera jomfru;

14. han må ikkje ta ei kvinne som er enkje, fråskild, vanæra eller prostituert. Berre ei jomfru av sitt eige folk skal han ta til kone,

15. så han ikkje skal vanhelga etterkomarane sine i folket. For eg er Herren, som helgar han.

16. Herren sa til Moses:

17. Tal til Aron og sei: Gjennom alle slekter skal ingen av etterkomarane dine som har ein feil på kroppen, koma og bera fram mat for sin Gud.

18. Ingen som har ein feil, kan ofra: ingen som er blind eller halt, ingen med ein kroppsdel som er for kort eller for lang,

19. ingen som har ein broten fot eller arm,

20. ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller utslett, og ingen som er skadd i pungen.

21. Ingen etterkomar av presten Aron som har ein feil, skal koma og bera fram Herrens gåveoffer. Har han ein feil, skal han ikkje koma og ofra mat for sin Gud.

22. Han kan få eta maten til sin Gud, både av det høgheilage og av det heilage.

23. Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har ein feil; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 21