Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Paktkista kjem til Sion

1. Endå ein gong samla David dei beste mennene i Israel, tretti tusen mann.

2. Han braut opp med heile sin hær og drog til Baala i Juda. Derifrå ville dei henta Guds paktkiste, som ber namnet til Herren over hærskarane, han som tronar over kjerubane.

3. Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus på høgda. Sønene til Abinadab, Ussa og Ahjo, køyrde den nye vogna.

4. Slik førte dei Guds paktkiste bort frå Abinadabs hus på høgda, og Ahjo gjekk føre kista.

5. David og heile Israels hus dansa og leika for Herrens andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, kastanjettar og symbalar.

6. Men då dei kom til treskjevollen til Nakon, rette Ussa ut handa og tok tak i Guds paktkiste fordi oksane var ustyrlege.

7. Då vart Herren brennande harm på Ussa. Gud slo han på staden fordi han gjorde dette, og han døydde der ved Guds paktkiste.

8. David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.

9. Den dagen vart David gripen av frykt for Herren. Han sa: «Korleis skulle Herrens paktkiste kunna koma heim til meg?»

10. Han ville ikkje flytta paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.

11. Der vart Herrens paktkiste ståande i tre månader, og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.

12. Då kong David fekk høyra at Herren for paktkista skuld hadde velsigna huslyden til Obed-Edom og alt det han eigde, gjekk han med stor glede og førte Guds paktkiste frå huset til Obed-Edom opp til Davidsbyen.

13. Då dei som bar Herrens paktkiste, hadde gått seks steg fram, ofra han ein okse og ein gjøkalv.

14. David dansa av all kraft for Herrens andlet. Han var kledd i ei prestedrakt av lin.

15. Slik førte David og heile Israelsfolket Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn.

16. Men då kista vart boren inn i Davidsbyen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom vindauget. Ho fekk auge på kong David som hoppa og dansa for Herrens andlet, og ho vanvørde han i hjartet.

17. Dei førte Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå i det teltet som David hadde reist for henne. Og David bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.

18. Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i namnet til Herren over hærskarane.

19. Så delte han ut eit lite, rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til kvar mann og kvinne i folket, den store mengda av israelittar. Så gjekk alle kvar til sitt.

20. Då David kom heim att for å velsigna sitt hus, gjekk Mikal, dotter til Saul, ut mot han og sa: «Kor høgt Israels konge er vorten æra i dag då han viste seg naken for auga på tenestejentene til mennene sine, slik lettsindige menneske har for vis!»

21. David svara Mikal: «Det var for Herrens andlet eg dansa, for han som valde meg ut i staden for far din og heile hans hus og sette meg til fyrste over Herrens folk, over Israel.

22. Eg kan gjera meg endå ringare enn eg no har gjort, og bli endå mindre i mine eigne auge. Men hos desse tenestejentene som du talar om, skal eg vinna ære!»

23. Mikal, dotter til Saul, var barnlaus til sin døyande dag.