Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

David syng

1. Då Herren hadde berga David frå alle fiendane hans og frå Saul, bar David fram denne songen for Herren.

2. Han sa: Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,

3. min Gud er fjellet der eg søkjer livd.Han er mitt skjold og mi frelse, min styrke og mitt vern,mi tilflukt, min frelsar som friar meg frå vald.

4. Eg ropa til Herren, han som får lovsong,og eg vart frelst frå mine fiendar.

5. Dødens brotsjøar braut ikring meg,malstraumane skremde meg.

6. Dødsrikets band vart spente om meg,dødens snarer venta meg.

7. I mi naud kalla eg på Herren,eg ropa til min Gud.Han høyrde meg frå sitt tempel,mitt rop nådde hans øyre.

8. Då skalv og skaka jorda,himmelens grunnvollar riste,dei skalv fordi han var harm.

9. Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn,gneistar loga opp frå han.

10. Han bøygde himmelen og steig ned,under føtene hans var mørke skyer.

11. Han reid på kjeruben, han flaugog kom til syne på vindens venger.

12. Han gjorde mørkret til sitt telt,hadde svarte, regntunge skyer kring seg.

13. Gneistar og glør loga oppfrå stråleglansen framfor han.

14. Herren torna frå himmelen,Den høgste lét røysta lyda.

15. Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.

16. Rennene på havbotnen kom til syne,grunnvollane under jorda viste segdå Herren truga,då han fnyste av vreide.

17. Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.

18. Han berga meg frå min mektige fiendedå dei som hata meg, var for sterke.

19. På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.

20. Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han har glede i meg.

21. Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.

22. Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23. Alle hans lover hadde eg for auge,eg veik ikkje av frå hans forskrifter.

24. For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.

25. Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at eg var rein.

26. Du er trufast mot den som er tru,heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.

27. Du viser deg rein mot den som er rein,men vrang mot den som fer med svik.

28. Du frelser eit folk i naud,men auga dine er vende mot dei stolte,du audmjukar dei.

29. For du er mi lampe, Herre, Herren lyser opp mitt mørker.

30. Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,med Guds hjelp kan eg springa over murar.

31. Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.Han er eit skjold for allesom søkjer tilflukt hos han.

32. For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud?

33. Gud er mitt sterke vern,han gjer mi ferd heil.

34. Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

35. Han lærer opp hendene mine til krig,armane spenner bogen av bronse.

36. Du gjev meg di frelse til skjold,bøyer deg ned og gjer meg stor.

37. Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.

38. Eg jagar mine fiendar og slettar dei ut,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39. Eg gjer ende på dei og knuser deiså dei ikkje kan reisa seg,men ligg falne under mine føter.

40. Du kler meg med styrke til krigenog tvingar mine motstandarar i kne.

41. Du slår mine fiendar på flukt,eg utryddar dei som hatar meg.

42. Dei ser seg om, men det er ingen frelsar,dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.

43. Eg knuser dei som støv på jorda,trør og trakkar dei ned som søle i gata.

44. Du bergar meg frå mitt folk som ligg i strid,held meg oppe som hovding over folkeslag.Folk eg ikkje kjende, må tena meg;

45. framande kryp for meg,dei lyder berre dei høyrer om meg.

46. Dei framande visnar,skjelvande kjem dei ut or sine borger.

47. Herren lever! Velsigna er mitt berg!Opphøgd er Gud, min frelsar og mitt berg.

48. Gud lèt meg få hemn,han legg folkeslag under meg.

49. Han friar meg frå mine fiendar.Du lyfter meg over motstandararog bergar meg frå valdsmenn.

50. Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,og lovsyngja ditt namn.

51. Han gjev sin konge store sigrar,han viser miskunn mot den han har salva,mot David og hans ætt til evig tid.