Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.

2. Du skal seia alt det eg byd deg, og Aron, bror din, skal seia det til farao, så han lèt israelittane dra frå landet.

3. Eg vil gjera farao hard i hjartet. Eg vil gjera mange teikn og under i Egypt,

4. men farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk. Då vil eg leggja mi hand på Egypt og føra flokkane mine, mitt folk israelittane, ut frå Egypt med store straffedommar.

5. Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»

6. Så gjorde Moses og Aron dette, dei gjorde som Herren hadde bode dei.

7. Moses var 80 år gammal og Aron 83 år gammal då dei snakka med farao.

Underet med Arons stav

8. Herren sa til Moses og Aron:

9. «Når farao seier til dykk at de skal gjera eit under, skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han framfor farao. Han skal bli til ein stor slange!»

10. Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein stor slange.

11. Då sende farao bod på vismennene og trollmennene, og dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster.

12. Alle kasta stavane sine, og stavane vart til store slangar. Men staven til Aron slukte stavane deira.

13. Men hjartet til farao var ikkje til å bøya, han ville ikkje høyra på dei, akkurat slik som Herren hadde sagt.

Plagene i Egypt

Første plaga: vatn til blod

14. Då sa Herren til Moses: «Hjartet til farao er hardt, og han nektar å la folket dra.

15. Gå til farao om morgonen når han kjem ned til vatnet. Still deg der, så du møter han ved elvebredda. Staven som vart omskapt til ein slange, skal du ha i handa.

16. Du skal seia til han: Herren, som er Gud for hebrearane, har sendt meg til deg for å seia: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg i ørkenen! Men sjå, til no har du ikkje vilja høyra.

17. Så seier Herren: Ved dette skal du vita at eg er Herren: Sjå, eg slår på vatnet i Nilen med staven eg har i handa, og det skal bli til blod.

18. Fisken i Nilen skal døy, og elva skal stinka så egyptarane ikkje kan drikka elvevatnet.»

19. Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven din og rett handa ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og innsjøane, over alle vassmagasina, så skal vatnet bli til blod. Og det skal vera blod i heile Egypt, jamvel i trekar og steinkar.»

20. Moses og Aron gjorde som Herren hadde bode dei. Han lyfte staven og slo på vatnet i Nilen for auga på farao og mennene hans, og alt vatnet i elva vart til blod.

21. Fisken i Nilen døydde, og elva stinka slik at egyptarane ikkje kunne drikka elvevatnet. Det var blod i heile Egypt.

22. Men dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster, og farao var ubøyeleg i sitt hjarte. Han ville ikkje høyra på dei, slik som Herren hadde sagt.

23. Farao snudde seg og gjekk heim. Heller ikkje dette la han seg på hjartet.

24. Og alle egyptarane grov rundt omkring Nilen etter drikkevatn, for dei kunne ikkje drikka elvevatnet.

25. Det gjekk sju fulle dagar etter at Herren hadde slege Nilen slik.