Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 38:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så laga Besalel brennofferaltaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det var firkanta og tre alner høgt.

2. På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.

3. Så laga han alt utstyret til altaret: fata, eldskuffene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alt dette utstyret laga han av bronse.

4. Han laga òg ei rist til altaret, ein bronsenetting, og la henne nedst under kanten, slik at ho nådde midt opp på altaret.

5. Og han støypte fire ringar til å stikka stengene igjennom, ein for kvart av dei fire hjørna av bronserista.

6. Han laga berestenger av akasietre og kledde dei med bronse.

7. Han stakk stengene inn i ringane på sidene av altaret så det kunne berast. Altaret var holt og laga av treplankar.

8. Så laga han bronsefatet med understellet av bronse. Det var laga av speglane til kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen.

9. Så laga han føregarden. Mot sør, på sørsida av føregarden, laga han omheng av fint, tvinna lin, i ei lengd av hundre alner.

10. Til dei var det tjue søyler med soklar av bronse og hakar og band av sølv.

11. På nordsida laga han òg omheng i ei lengd av hundre alner, med tjue søyler og tjue soklar av bronse, og hakar og band av sølv.

12. På vestsida laga han omheng på femti alner med ti søyler og ti soklar og hakar og band av sølv.

13. På austsida, mot aust, var omhenget femti alner.

14. På den eine sida var det eit femten alner langt omheng med tre søyler og tre soklar,

15. og på den andre sida av porten til føregarden var det òg eit femten alner langt omheng med tre søyler og tre soklar.

16. Alle omhenga rundt føregarden var av fint, tvinna lin.

17. Soklane til søylene var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og søylehovuda var kledde med sølv. Alle søylene i føregarden hadde sølvband.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 38