Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Paktkista med soningsstaden

1. Besalel laga paktkista av akasietre, to og ei halv alen lang, ei og ei halv alen brei og ei og ei halv alen høg.

2. Han kledde henne med reint gull både innvendig og utvendig og laga ein gullkant rundt kista.

3. Han støypte fire gullringar til dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.

4. Så laga han berestenger av akasietre, kledde dei med gull

5. og stakk stengene inn i ringane på begge sider slik at kista kunne berast.

6. Han laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen langt og ei og ei halv alen breitt.

7. På kvar side av soningsstaden laga han to kjerubar av hamra gull,

8. ein kjerub på den eine sida og ein på den andre sida. Han laga dei slik at dei gjekk i eitt med soningsstaden frå begge endar.

9. Kjerubane lyfte vengene og breidde dei utover slik at dei dekte soningsstaden. Kjerubane var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.

Bordet med skodebrøda

10. Bordet laga han av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.

11. Han kledde det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.

12. Så laga han ei list til bordet. Ho var ei handsbreidd tjukk og gjekk heilt rundt. Rundt lista laga han ein gullkant.

13. Han støypte fire gullringar til bordet og sette ringane på dei fire hjørna ved dei fire føtene.

14. Ringane sat tett inntil lista. Dei var haldarar for stengene som var til å bera bordet med.

15. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.

16. Av reint gull laga han utstyret til bordet: fat og skåler, bollar og kanner til drikkofferet.

Lysestaken

17. Han laga lysestaken av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar vart hamra ut av eitt stykke.

18. Seks armar gjekk ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.

19. På den første armen var det tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom, på den neste armen tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.

20. På sjølve staken var det fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.

21. Det var ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.

22. Knoppane og armane gjekk i eitt med staken. Det heile var hamra ut av eitt stykke reint gull.

23. Av reint gull laga han òg dei sju lampene til lysestaken og tengene og oskeskuffene som høyrde til.

24. Ein talent reint gull brukte han til lysestaken og alt utstyret som høyrde til.

Røykjelsesaltaret

25. Han laga røykjelsesaltaret av akasietre. Det var firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.

26. Både toppen, sidene og horna kledde han med reint gull, og han laga ein gullkant som gjekk rundt det.

27. Nedanfor kanten, på begge sider, sette han to gullringar. Dei var haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kunne berast.

28. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.

29. Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen slik ein salveblandar gjer det.