Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kom i hug tenarane dine Abraham, Isak og Israel og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera dykk til ei ætt så talrik som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.»

14. Då angra Herren på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot folket sitt.

15. Så gjekk Moses tilbake, ned frå fjellet, med vitnemålet, dei to tavlene, i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og på baksida.

16. Tavlene var Guds eige verk, og skrifta var Guds eiga skrift, rissa inn på tavlene.

17. Då Josva høyrde korleis folket ropa og skreik, sa han til Moses: «Det er krigslarm i leiren.»

18. Moses svara:«Dette er ikkje lyden av sigerssongog ikkje lyden av klagesong;det er lyden av ein annan slags song eg høyrer.»

19. Då Moses nærma seg leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, flamma sinnet slik opp i han at han kasta tavlene frå seg og knuste dei mot fjellet.

20. Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strødde han på vatnet, og han lét israelittane drikka det.

21. Så sa han til Aron: «Kva har dette folket gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over det?»

22. «Ver ikkje sint, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt dette folket er.

23. Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framfor oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.

24. Då sa eg til dei: Den som har noko av gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Slik vart denne kalven til.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32