Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Høgtida til minne om det usyra brødet

1. Herren sa til Moses:

2. «Alle førstefødde skal du helga til meg. Alt førstefødd hos israelittane, det som opnar morslivet, skal høyra meg til, anten det er menneske eller dyr.»

3. Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de drog ut frå Egypt, ut frå slavehuset. For med sterk hand førte Herren dykk ut derifrå. Då skal de ikkje eta noko som er syra.

4. I dag dreg de ut, i månaden abib.

5. Med eid lova Herren fedrane dine å gje deg eit land som fløymer med mjølk og honning. Når så Herren fører deg inn i landet til kanaanearane og hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, då skal du i denne månaden feira denne høgtida slik:

6. I sju dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.

7. Alle dei sju dagane skal du eta usyra brød. Det må ikkje finnast noko som er syra hos deg, i heile landet må det ikkje finnast nokon surdeig.

8. Den dagen skal du fortelja son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg drog ut frå Egypt.»

9. Du skal ha det som eit merke på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på leppene dine. For med sterk hand førte Herren deg ut frå Egypt.

10. Denne forskrifta skal du halda til fastsett tid, år etter år.

11. Når Herren har ført deg inn i Kanaan, slik han lova deg og fedrane dine, og gjev deg landet,

12. då skal du bera fram for Herren alt det som opnar morslivet. Alt det første som blir fødd i buskapen din, og som er av hannkjønn, høyrer Herren til.

13. Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvart førstefødd gutebarn skal du løysa ut.

14. Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

15. Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss dra, slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, av både menneske og dyr. Difor ofrar eg til Herren alt av hannkjønn som opnar morslivet, men kvar førstefødd son løyser eg ut.

16. Det skal vera eit teikn på handa di og eit merke på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt.»

Skysøyla og eldsøyla

17. Då farao lét folket dra, førte Gud dei ikkje gjennom landet til filistrane, sjølv om den vegen var den kortaste. For Gud tenkte at folket kunne koma til å angra seg og venda attende til Egypt dersom dei opplevde krig.

18. Difor lét Gud dei gå ein omveg gjennom ørkenen mot Sivsjøen.Så drog israelittane opp frå Egypt, fullt rusta.

19. Moses tok med seg knoklane etter Josef. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de ta knoklane mine med dykk herifrå.»

20. Dei braut opp frå Sukkot og slo leir i Etam, i utkanten av ørkenen.

21. Og Herren gjekk føre dei; om dagen i ei skysøyle for å syna dei vegen, om natta i ei eldsøyle for å lysa for dei. Slik kunne dei gå vidare både dag og natt.

22. Skysøyla veik ikkje frå folket om dagen og eldsøyla ikkje om natta.