Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:29-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Midt på natta slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, frå den førstefødde hos farao, som sat på si trone, til den førstefødde hos fangen i fengselet, og alle dei førstefødde dyra i buskapen.

30. Den natta stod farao opp, han og alle tenarane hans og alle egyptarane. Det høyrdest eit veldig skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit einaste hus utan døde.

31. Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Bryt opp og dra bort frå folket mitt, både de og israelittane! Gå av stad og ten Herren slik de har bede om!

32. Ta òg med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og dra bort! Bed så om velsigning for meg òg!»

33. Egyptarane pressa på folket for å få dei ut av landet så fort som råd. «Elles døyr vi alle saman», sa dei.

34. Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var heva, batt kappene sine om bakstetraua og bar dei på akslene.

35. Israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om ting av sølv og gull og om klede.

36. Og Herren lét egyptarane få godvilje for folket så dei gav folket det dei bad om. Slik utnytta dei egyptarane.

37. Så braut israelittane opp frå Ramses og drog til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born.

38. Mange slags menneske følgde med dei, i tillegg til ein stor flokk med småfe og storfe.

39. Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei usyra kaker, som ikkje var heva. For dei vart jaga ut av Egypt og kunne ikkje venta lenger. Difor hadde dei heller ikkje hatt tid til å få med seg mat til reisa.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12