Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 12:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren.

12. Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren.

13. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt.

14. Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

15. I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel.

16. Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til.

17. Høgtida med usyra brød skal de halda, for på denne dagen førte eg hærane dykkar ut frå Egypt. Difor skal de feira denne dagen i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

18. Frå kvelden den fjortande dagen i den første månaden til kvelden den tjueførste dagen i same månaden skal de eta usyra brød.

19. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet.

20. De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød.

21. Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet!

22. Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 12