Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 4:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.

7. Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida.

8. Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull.

9. Så bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse.

10. Havet sette han på høgre sida, mot søraust.

11. Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus:

12. to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;

13. dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene.

14. Han laga vognstativa og fata til kvart av dei,

15. havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 4