Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Jotams styre

1. Jotam var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

2. Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort. Men han gjekk ikkje inn i Herrens tempel. Og folket heldt fram med å gjera det som vondt var.

3. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus, og han bygde òg mykje på Ofel-muren.

4. Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane.

5. Han førte krig mot kongen til ammonittane og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året.

6. Slik styrkte Jotam stillinga si fordi han var stø i si ferd for Herren sin Guds andlet.

7. Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han gjorde, står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

8. Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.

9. Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.