Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Salomo førebur tempelbygginga

1. Salomo tenkte no på å byggja eit hus for Herrens namn og ein kongebustad til seg sjølv.

2. Han skreiv ut 70 000 mann til berarar, 80 000 mann til steinhoggarar i fjellet og 3600 mann til å ha tilsyn med dei.

3. Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyros, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre så han kunne byggja seg eit hus til å bu i.

4. No vil eg byggja eit hus for namnet til Herren min Gud og helga det til han. Der skal vi brenna velluktande røykjelse for hans andlet, og det skal alltid liggja skodebrød framme. Brennoffer skal vi bera fram morgon og kveld på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene for Herren vår Gud. I alle tider skal dette gjelda for Israel.

5. Det huset eg vil byggja, skal vera stort, for vår Gud er større enn alle gudar.

6. Men kven maktar vel byggja eit hus for han når himmelen og himlars himmel ikkje kan rømma han? Og kven er vel eg? Kan eg byggja eit hus for han, anna enn for å tenna offereld for hans andlet?

7. Send meg no ein mann som er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, purpurraudt, karmosinraudt og purpurblått stoff, ein som òg er kunnig i gravering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, førebudde til dette.

8. Og send meg sedertre, sypressar og sandeltre frå Libanon! Eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre i Libanon. Og mine folk skal arbeida saman med dine.

9. Dei må skaffa meg mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal bli stort og flott.

10. Tømmerhoggarane, tenarane dine som feller trea, skal eg gje tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»

11. Hiram, kongen i Tyros, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Fordi Herren elskar folket sitt, har han sett deg til konge over det.»

12. Og Hiram heldt fram: «Velsigna er Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda. Han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og slik forstand at han kan byggja eit hus for Herren og ein kongebustad til seg sjølv.

13. No sender eg deg ein klok og kunnig mann, Hiram, meisteren min.

14. Han er son til ei kvinne blant Dans døtrer, men far hans er frå Tyros. Han er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, med purpurraudt og purpurblått, kvitt og karmosinraudt stoff. Han er òg kunnig i all slags gravering, og han kan tenkja ut og laga alt han blir sett til. Han skal arbeida saman med dei kunnige mennene dine og dei kunnige mennene som var hos herren min, David, far din.

15. No kan herren min senda kveiten og bygget, oljen og vinen som han har tala om, til tenarane sine.

16. Så skal vi hogga så mange tre i Libanon som du treng, og føra dei i flåtar sjøvegen til Jaffa. Men du må sjølv få dei opp til Jerusalem.»

17. Så lét Salomo telja alle innflyttarane i Israel, slik David, far hans, hadde halde folketeljing før han. Det var i alt 153 600 mann.

18. Av dei gjorde han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3600 til formenn; dei skulle sjå etter at folk gjorde arbeidet sitt.