Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kong Sjisjak går til åtak på Juda

1. Då kongedømet til Rehabeam var sikra og makta hans hadde vorte sterk, forlét han Herrens lov, og heile Israel med han.

2. I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem; for folket der hadde vore trulaust mot Herren.

3. Han kom med tolv hundre vogner og seksti tusen ryttarar og ein tallaus hær som følgde han frå Egypt: libyarar, sukkittar og kusjittar.

4. Han tok festningsbyane i Juda og kom heilt til Jerusalem.

5. Då kom profeten Sjemaja til Rehabeam og leiarane i Juda, som hadde samla seg i Jerusalem fordi dei var redde Sjisjak. Han sa til dei: «Så seier Herren: De har forlate meg. No forlèt eg dykk og gjev dykk i Sjisjaks hand.»

6. Då audmjuka dei seg, leiarane i Israel og kongen, og sa: «Herren er rettferdig.»

7. Og då Herren såg at dei audmjuka seg, kom Herrens ord til Sjemaja: «Sidan dei audmjukar seg, vil eg ikkje utrydda dei. Snart skal eg fria dei ut. Eg skal ikkje ausa ut harmen min over Jerusalem gjennom Sjisjak.

8. Men dei skal bli tenarane hans, og då skal dei få kjenna skilnaden på å tena meg og å tena framande kongerike.»

9. Så drog Sjisjak, egyptarkongen, opp mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg gullskjolda som Salomo hadde fått laga.

10. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane over livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei.

11. Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.

12. Fordi Rehabeam audmjuka seg, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda.

13. Kong Rehabeam styrkte stillinga si i Jerusalem og heldt fram som konge. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut mellom alle Israel-stammane og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.

14. Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje sitt hjarte i å søkja Herren.

15. Det som er å seia om Rehabeam, frå først til sist, det står skrive i krønikene til profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med slektsregisteret hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det krig heile tida.

16. Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Davidsbyen, og Abia, son hans, vart konge etter han.