Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då sende kongen bod etter alle dei eldste i Juda og Jerusalem, og dei samla seg hos han.

2. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.

3. Kongen stilte seg opp ved søyla og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23