Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 7:4-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.»

5. Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han.

6. Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.

7. Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen.

8. Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka,

9. kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.

10. Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda.

11. I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg.

12. Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter.

13. Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans,

14. både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med.

15. Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg.

16. Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han.

17. Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda.

18. Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet.

19. Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen.

20. Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.

21. Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 7