Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Abrahams siste leveår

1. Abraham tok seg på nytt ei kone; ho heitte Ketura.

2. Ho fødde han Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah.

3. Joksjan fekk Saba og Dedan, og sønene til Dedan var asjurarane, letusjarane og le'ummarane.

4. Sønene til Midjan var Efa, Efer, Henok, Abida og Eldaa. Alle desse var etterkomarar av Ketura.

5. Abraham gav alt det han eigde, til Isak.

6. Han gav gåver til sønene han hadde med følgjekonene sine. Og medan han enno levde, sende han dei bort frå Isak, son sin, til eit land i aust.

7. Dette er Abrahams levealder: Han vart 175 år gammal.

8. Så anda han ut. Abraham døydde i høg alder, gammal og mett av dagar, og han vart sameina med folket sitt.

9. Isak og Ismael, sønene hans, gravla han i Makpela-hòla, på marka til hetitten Efron, son til Sohar, austafor Mamre,

10. den marka som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart Abraham gravlagd saman med Sara, kona si.

11. Etter at Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande ved Lahai-Ro'i-brønnen.

Slekta til Ismael

12. Dette er slektshistoria til Ismael, son til Abraham, som Hagar frå Egypt, slavekvinna til Sara, fødde han.

13. Dette er namna på sønene til Ismael, namna som er i slektshistoria deira: Nebajot, den førstefødde hos Ismael, Kedar, Adbeel, Mibsam,

14. Misjma, Duma og Massa,

15. Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma.

16. Dette var sønene til Ismael; dette er namna deira der dei bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar, kvar for sin klan.

17. Ismael vart 137 år gammal. Så anda han ut: han døydde og vart sameina med folket sitt.

18. Ismaelittane busette seg frå Havila til Sjur, som ligg austafor Egypt i retning Assur. Dei slo seg ned midt imot alle brørne sine.

Jakob og Esau

19. Dette er slektshistoria til Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.

20. Isak var førti år gammal då han tok Rebekka til kone. Ho var dotter til aramearen Betuel frå Paddan-Aram og syster til aramearen Laban.

21. Isak bad til Herren for kona si, for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn.

22. Men då borna slost med kvarandre inne i henne, sa ho: «Kvifor hender det meg noko slikt?» Og ho gjekk for å spørja Herren til råds.

23. Herren sa til henne:«To folkeslag er i morslivet ditt,to folk skal skiljast før dei blir fødde.Det eine blir sterkare enn det andre,den eldste skal tena den yngste.»

24. Då tida kom at ho skulle føda, var det tvillingar i morslivet hennar.

25. Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau.

26. Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde.

27. Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta.

28. Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob.

29. Ein gong Jakob heldt på å koka suppe, kom Esau heim frå marka. Han var sliten.

30. Esau sa til Jakob: «Skund deg, gjev meg noko å eta av det raude, det raude du har der, for eg er sliten!» Difor kalla dei han Edom.

31. Men Jakob sa: «Først må du selja meg førstefødselsretten din!»

32. Esau svara: «Sjå, eg held på å døy! Kva skal eg med førstefødselsretten?»

33. «Sver på det først!» sa Jakob. Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob.

34. Då gav Jakob han brød og linsesuppe. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik viste Esau forakt for førstefødselsretten.