Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 14:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Han velsigna han og sa:«Velsigna er Abram av Gud, Den høgste,han som bar fram himmel og jord!

20. Velsigna er Gud, Den høgste,som har gjeve motstandarane dine i di hand!»Så gav Abram han tiend av alt.

21. Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du byttet!»

22. Men Abram sa til kongen i Sodoma: «Eg lyfter handa opp mot Herren, mot Gud, Den høgste, han som bar fram himmel og jord:

23. Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim vil eg ta av alt som er ditt. Du skal ikkje kunna seia: Eg har gjort Abram rik.

24. Eg vil berre ha att for det dei unge mennene har ete. Og mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, må få sin del.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 14