Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Prestane blir inndelte i skift

1. Aronittane òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.

2. Men Nadab og Abihu døydde før far sin, og dei hadde ingen søner. Difor vart berre Elasar og Itamar prestar.

3. Saman med Sadok av Elasar-sønene og Ahimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i grupper etter den tenesta dei skulle ha.

4. Då det viste seg at Elasar-sønene hadde fleire leiarar enn Itamar-sønene, delte dei inn slik at Elasar-sønene fekk seksten leiarar for sine familiar og Itamar-sønene åtte for sine familiar.

5. Begge vart inndelte ved loddkasting. For det fanst leiarar for heilagdomen, leiarar for Gud, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.

6. Skrivaren Sjemaja, son til Netanel, ein av levittane, skreiv dei opp i nærvær av kongen og stormennene, presten Sadok og Ahimelek, son til Ebjatar, og leiarane for familiane til prestane og levittane. Ein familie frå Elasar-slekta og ein familie frå Itamar-slekta vart tekne ut skiftevis.

7. Det første loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja,

8. det tredje på Harim, det fjerde på Seorim,

9. det femte på Malkia, det sjette på Mijamin,

10. det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia,

11. det niande på Jesjua, det tiande på Sjekanja,

12. det ellevte på Eljasjib, det tolvte på Jakim,

13. det trettande på Huppa, det fjortande på Jesjebab,

14. det femtande på Bilga, det sekstande på Immer,

15. det syttande på Hesir, det attande på Happisses,

16. det nittande på Petahja, det tjuande på Jeheskel,

17. det tjueførste på Jakin, det tjueandre på Gamul,

18. det tjuetredje på Delaja og det tjuefjerde på Maasja.

19. Dette var dei gruppene dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus etter den ordninga dei hadde fått frå Aron, stamfar sin, slik Herren, Israels Gud, gav han påbod om.

Andre levittar

20. Dei andre levittane var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jehdeja;

21. av Rehabja, det vil seia Rehabja-sønene, Jisjia, som var leiar;

22. av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat;

23. av Hebron-sønene Jeria, den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;

24. av Ussiel-sønene Mika, av Mika-sønene Sjamir

25. – bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;

26. av Merari-sønene Mahli og Musji – mellom sønene hans var Jaasia òg,

27. og etterkomarar av Merari gjennom Jaasia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;

28. Elasar, son til Mahli, hadde ingen søner.

29. Til Kisj, det vil seia sønene til Kisj, høyrde Jerahmeel.

30. Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, familie for familie.

31. Dei kasta òg lodd, som aronittane, brørne sine, i nærvær av kong David, Sadok og Ahimelek og leiarane for familiane til prestane og levittane, med same vilkår for dei fremste familiane som for dei ringaste.