Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 22:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då sa David: «Her skal Herren Guds hus stå, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»

2. Så baud David at innflyttarane som budde i Israel, skulle samlast. Han peika ut steinhoggarar til å hogga ut steinblokker som Guds hus skulle byggjast av.

3. David gjorde klar ei mengd med jern til spikrar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast,

4. og tallause sederbjelkar. For mennene frå Sidon og Tyros førte sedertre i mengd til David.

5. David sa: «Salomo, son min, er ung og urøynd, men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det blir kjent og heidra i alle land. Difor vil eg gjera førebuingar for han.» Og David gjorde store førebuingar før han døydde.

6. Så kalla han til seg Salomo, son sin, og påla han å byggja eit hus for Herren, Israels Gud.

7. David sa til han: Son, av heile mitt hjarte ønskte eg å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud.

8. Men Herrens ord kom til meg: «Mykje blod har du aust ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus for mitt namn, for du har aust ut mykje blod på jorda for mitt andlet.

9. Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro.

10. Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. Eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»

11. Og no, min son, måtte Herren vera med deg! Måtte du lukkast med å byggja huset til Herren din Gud, slik som han har sagt om deg.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 22